Fysioterapeut med driftstilskot

Fysioterapeut med driftstilskot

Haram kommune har ledig 100 % driftstilskot for fysioterapeut frå 1. oktober 2026.

Den ledige heimelen er knytt til Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det søkes etter autorisert fysioterapeut med allmenn fysioterapi kompetanse.
Instituttet har totalt tre 100 % driftsavtalar og kontormedarbeidar i 87 % stilling. Driftsavtalen skal utøvast frå instituttet sine lokale i Strandgata 26, 6270 Brattvåg, samt frå leigde lokale på Haramsøy. Avdelinga på Haramsøy er open 2–3 dagar per veke, og tiltredande fysioterapeut vil inngå i gjeldande turnusordning for å dekke tilbodet der.

Se utlysning og søk på hjemmelen her…

Brattvåg Fysikalske Institutt har god pasienttilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom. Instituttet nyttar medisinsk treningsterapi og Record slyngetrening.

Tiltredande fysioterapeut forpliktar seg til å drive verksemda i samsvar med ei kvar tid gjeldande ASA 4313, og tiltreding og eventuell overdraging vil skje i tråd med vilkåra som fremgår av ASA 4313. Det vert forventa at aktuelle kandidatar set seg godt inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet. Nærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det er forpliktelser jfr ASA 4313 pkt 7 i forbindelse med overdragelse av avtalen.

Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før oppstart, i samsvar med gjeldande regelverk.Haram kommune er ein ambisiøs kommune som tilbyr gode og heilskaplege tenester. Vi legg vekt på å spele kvarandre gode, jobbe på tvers av fagområde og skape verdiar for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å sikre høg kvalitet og god behandling for kvar enkelt som søkjer tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Behandlingsformene skal være forankra i kunnskapsbasert praksis
  • Behandling foregår individuelt og i gruppe
  • Arbeidet som fysioterapeut med driftsavtale omfatter ei klinisk tilnærming til undersøking, kurativ behandling, rehabilitering/opptrening og forebygging av skade/smerte i muskel-og skjelettapparatet.
  • Arbeidet inneber pasientforløp med kontinuerleg vurdering av behov og prioritering, dette for å bidra til effektive og gode fysioterapitenester for instituttet og kommunen.
  • Ta del i den daglege drifta og medvirke til ei positiv utvikling av instituttet

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg godkjend fysioterapeut.
  • God kunnskap i norsk, skriftleg og muntleg
  • Det er ønske med kompetanse i diagnostisk ultralyd
  • Det er ønskeleg med breiddekompetanse innan fysioterapifaget
  • Det er ønskeleg med god kompetanse innan aktivitetsmedisin
  • Evne til å prioritere ut i frå nyttekriteret, ressurskriteriet og alvorlighetskriteriet – Prioritering i helse- og omsorgstenesten
  • Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
  • Erfaring innan drift som sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med avtaleheimel
  • Førarkort klasse B og må disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg
  • Samarbeidsvillig
  • Strukturert og systematisk
  • Løysningsorientert
  • Motivasjons- og formidlingsevne
  • Sjølvstendig
  • Evne til å skape gode relasjonar

Se utlysning og søk på hjemmelen her…

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø
  • Egna lokaler med erfarne terapeutar og kontorressurs på instituttet
  • Fin beliggenhet, sentralt i Brattvåg
  • Positivt og sosialt miljø

Søknadsfrist

7. juni 2026.

 

  • Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
  • Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
  • Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
  • Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.