Kurs i differensialdiagnostikk og laboratorieprøver
6 juni – 8 juni 2017 Sted: Bergen / Arr: UiB
urset Differensialdiagnostikk og laboratorieanalyse gir utvida kunnskap om medisinske tilstandar som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager. Kurset dekker sentrale fagområde som ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi, innan fagfelta nevrologi, revmatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelheit, smertepsykologi, indremedisin, onkologi og urologi.
Kurset inneheld også ei oversikt over laboratorieanalyser og kva for resultat relatert til klinikk som gir ein peikepinn om normalitet eller sjukdom. Det blir lagt vekt på det som er mest aktuelt i vanleg primærpraksis.
Målgruppe
Fysioterapeutar som har eller held på med vidareutdanning i manuellterapi. Kurset er obligatorisk for dei som vil bli primærkontakt for pasientar med muskel- og skjelettplager.
Undervisning
Undervisninga er i 2017 fordelt på to bolkar:
6. – 8. juni
28. – 29. september
Vurdering / eksamen
Eksamen er ei 2-timars fleirvalgsoppgåve.
Eksamen blir avvikla fredagen etter dei siste førelesingane, fredag 29. september kl. 13.00 til kl. 15.00
Vurderingsresultatet blir gitt som bestått / ikkje bestått.
Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.